VERSTE STARTEN PÅ DAGEN

Dagen i dag starta slik eg hatar aller mest. Eg forsov meg! Klokka var 10 da eg opna gluggane, og eg innsåg relativt kjapt at negletimen min hos Tina bare var ein halvtime unna. I tillegg fann eg ut at Markus hadde tatt bilen min for å køyre Billie til legen med ein vond arm. Natta mi hadde vært lang med ei jente som hadde smerter etter fall på trampolina, så eg har tydeligvis vore heilt dau i morgentimane. Det blei ein smule hektisk; to minutt i dusjen, tok håret stramt bak i ein hestehale, heiv på meg ein kjole og tok taxi inn til byen. Eg rakk det, neglene er er fine som aldri før! Og sist, men ikkje minst: Billie sin arm var uten brudd.

No har eg endelig fått i meg frokost (som andre ville kalla lunsj), og eg har fått sparkla fleisen med litt pudder og klasja på litt mascara. Eg skal i eit veldig spennande møte om ein time, og eg kjenner det kribla litt i magen. Hemmelig. Selvfølgelig.

Far har tatt med seg datter på tur, mor skal ut på spelejobb i morgo. Eg skal ha ein kveld aleine – heilt for meg sjølv! Det må vere fire år sidan sist. Det blir sikkert litt rart, men muligens litt godt óg. Kjemme sikkert til å legge meg klokka 8 fordi eg kjeda meg.

Bildene er fra gårsdagen da eg tok kontoret ute på brygga. Kor deilig er ikkje det? Ein MÅ jo nyte denne deilige sola og den sjuke temperaturen som er i desse dagar.