Wææ… Eg har fått meg ny jobb! Som programledar for Love Island på TV3! Det føles ganske vilt og spennande å skulle lede eit tv-program. Dette blir heilt nytt for min del, og eg gledar meg enormt.
Les intervjuet eg gjorde med VG her.
Programmet handlar om å finne kjærligheten, så det er altså eit datingprogram. Eg velger å tenke på det som ein ung og frisk variant av «Jakten på kjærligheten». Litt mindre kyr og meir paraplydrinkar. Det som er ekstra morro er at sjåaren kan pårvirke programmet via ein app, blant anna ved å stemme ut og inn deltakarar.
Ein kan forresten fortsatt melde seg på.
Det er mange meiningar om program som dette der ute, og folk skal få meine det dei vil. Eg trur iallfall at dette blir kjempegøy og eg gledar meg til å jobbe med TV3, som kan denne genren bedre enn noken andre. Og ikkje minst så blir det spennade å tre inn i ein ny rolle.