SUNT HÅR I SOLA

Dei fleste eg kjenner er flinke til å beskytte huden sin i sola, men er folk like flinke til å beskytte håret? No er det vel ikkje akkurat fare for sjukdom relatert til hår, men at det blir skada og slitt av sterk sol, det er allmennkunnskap. Så får ein vel vurdere viktigheiten av det sjølv, men eg er iallfall opptatt av å bevare håret mitt så sunt og fint som mulig.

Eg har tidligare skrive om System Professional og deira skreddarsydde hårserie (start din test her). Eg skreiv også at i løpet av året ville min “hårkode” forandre seg da håret treng ulik behandling avhengig av årstid. No er det nettopp eit slikt skifte, sommar og sterk sol. I skrivande stund er eg i Spania, og da har eg skifta ut dei vanlige produkta mine med solserien til System Professional “Solar”. Shampoo, balsam, ein beskyttande spray som eg alltid har i strandbagen, og ein olje til tuppane.

Eg har heilt sidan ungdomsskulen brukt solprodukt til håret på sommaren. I og med at håret mitt blir ganske fort slitt, så er eg ekstra opptatt av å pleie det på best mulig måte. Godt luktar dei óg! 🙂

Heia sunt og sterkt hår!!