Hurra for kvardagen!

 

Første kvardag etter ein månad med sommarferie, og det føles veldig bra. Eg gledar meg alltid til å starte med blanke ark og masse energi. Riktig nok så begynna kvardagen litt rolig. Akkurat no har eg heimekontor fra øya der vi tenker å bu ut veka. Det er så behagelig her, berre 10 min fra byen, men likevel så fredelig.

Ferien har vore fantastisk fin, selvfølgelig har det fine været spelt ein rolle, men aller mest kvalitetstiden med familien. Lange dagar, noken meir innholdsrike enn andre, alt etter det som har føltes riktig der og da.

Sommaren er jo ikkje slutt, men dei late dagane har eg lagt bak meg. Den neste tiden for meg blir alt anna enn rolig. Denne veka skal eg bruke til å forberede til “Allsang på Grensen” som er neste veke, konsert på Os som er 11.august og ikkje minst programledarjobben som eg snart skal ta fatt på. Kjente at pulsen steig litt berre eg skreiv det no. Eg gledar meg til alt, og ser fram til ein spennande høst!