Vår nye heim!

 

Vi har hatt dei første nettet på i Las Palmas. Omsider begynna det å gå opp for meg at eg skal vere her lenge, og det er ein ganske sprø følelse. Eg trur eg kjemme til å trives godt, og arbeidsplassen er fantastisk! I går var første dag på jobb der vi spelte inn ein liten promo og møtte pressen for å prate om det kommande programmet.

Las Palmas er visst nok kjent for å vere ein god del overskya, og det fekk eg merke i går at kan vere ganske skummelt. Alt av hud som ikkje var dekka med kle fekk seg ein real solstøyt, og eg var rimelig svidd etter endt dag. Skal passe på å bruke godt med solkrem framover- sola er sterk her nede!  
I går var vi ute på restaurant heile gjengen. AG, Markus, Billie, Sebastian som jobba på Love Island og meg. Vi åt på ein fantastisk liten plass som heite “La Barra” der dei serverte gourmet tapas. Trur eg må ha fast bord der minst ein gang i veka.


I dag er det fri, og vi skal bruke dagen på å bli meir kjent med byen og øya. Tenker at vi skal køyre sørover å finne ei fin strand. Må utnytte dagane no mens Markus er her, for snart reiser han heim for å jobbe. Det gruar eg meg til, for no skal vi vere lenge vekke fra kvarandre, det blir heilt nytt for oss. Kjemme til å savne han veldig!! Heldigvis skal Billie vere her hos meg.

Håpar folk har det fint heime i Norge med jobb og skulestart! Eg gledar meg til å oppdatere meir fra Gran Canaria og jobben eg skal gjere her. Gledar meg! 🙂