No sitter eg nydusja og klar for å bli henta og transportert til villaen der vi skal ha første innspelingsdag av Love Island. Eg er veldig spent på å møte deltakarane, spent på deiras reaksjonar og ikkje minst mine eigne. Dette blir min første dag på jobb som programledar! Og slik blir dei neste 6 vekene, for ei reise dette blir! Ellers så kosar vi oss i Las Palmas. Eg begynnar å bli kjent i området der eg bur, og eg likar det bedre og bedre. Markus reiser heim på søndag, noke eg gruar meg til. Prøver å nyte kvart sekund av tiden vi har i lag her.
I går var vi på ein veldig hyggelig restaurant som heite Manso som ligg på ein takterrasse i gamlebyen her vi bur. Deilig mat og fantastisk atmosfære. Eg ser at noken har lagt igjen GranCa-tips i kommentarfeltet- tusen takk, eg tek i mot så mange tips som mulig 🙂 Da er bilen min utanfor! Ønsker alle ein strålande dag.
Tone