Favorittbølger i håret!

Da eg var rundt 15 år fekk eg mi første bølgetang, og eg brukte den flittig. 13 år seinare har eg fått augene opp for den igjen, og eg elskar bølgene og strukturen den gir. Det skal vere tilfeldig, men likevel nøye planlagt.

I går stussa AG tuppane mine, det gjer vi ca kvar 6. veke. I samma slengen testa vi denne fantastiske bølgetanga fra «hh simonsen». Den er superlett å bruke, og bølgene skal helst ikkje vere perfekte. AG brukar varmebeskyttande produkt i håret mitt fra Oribe før ho fønar det tørt (foundation mist og maximista). Det er ikkje til å stikke under ein stol at håret kan ta skade av for heftig bruk av varmetenger. Mitt hår får til tider gjennomgå.

teksten fortsetter under bildene

Så brukte ho «Anti Humidity Spray» før bruk av tanga. Bølgetanga treng ikkje vere veldig lenge på kvart punkt. «Klapp» lett og beveg nedover. Her må ein egentlig berre føle seg litt fram.Etter bølgene har avkjølt seg spraya ho «Flash Form Finishing Spray» fra Oribe som gir litt hold samtidig som den gjer håret litt «trått». Rufs til!! Her er det lov å ta så mykje ein måtte orke i håret, det blir berre finare og finare. Håret mitt er ganske glatt uten produkt i, så eg likar å peise på. Alle produkta får du kjøpt på den beste salongen; VAAR!

Desse bølgene får meg til å tenke på ein ung Britney Spears og Christina Aguilera. Eg hugsar fortsatt kor fine dei var! Og kor artig er det ikkje å dra fram gamle trender?! Eg elskar det! GO WAVES! 

//innlegget er merka med reklame da eg skriv om behandling som er sponsa, samt nevner produkta vi brukar//