Det er så deilig at vi går ein lysare tid i møte. Sjølv om det fortsatt er vinter og snø, så er det godt å vere i gang med Februar. Det er da ikkje så lenge til våren er her… Eg skal i desse dagar fronte Vero Moda sin vårkolleksjon. Første dropp er i butikk allerede 12. februar! Det skal bli så vanvittig digg å kle seg i vårkle snart, og ingenting er så inspirerande som å fylle garderoben med noken nye skattar. Eg diggar denne kolleksjonen, elskar fargepaletten og bildene som har eit solkyssa preg. Gi meg sol og glød, så er eg happy!
Eg gler meg skikkelig til lansering, og i den forbindelse kjem eg til Bergen førstkommende lørdag på Torgallmenningen kl 11:00! Håpar å sjå mange shoppeglade jenter (og gutar for så vidt). Det blir mange gode tilbud og god kok, så vær tidlig ute!
Nedanfor ser di eit utvalg av kolleksjonen som snart blir slept. og mine tankar rundt plagga. Kom gjerne med kommentarar eller spørsmål!
Eit heiltkvitt antrekk er aldri feil, og denne jakken i kordfløyel er bankers!
My kind of dress! Fargekomboen er nydelig, blomsterprint og sløyfe i halsen. Eg har ein greie for sløyfer. Ikkje for kort, ikkje for lang.
DENNE KJOLEN! Fargen er magisk, og denne kan ein dresse opp og ned som ein vil. Party eller kvardag. Her kan ein kneppe opp både oppe og nede for ein meir sexy look. Og superfin med jeans under! Ein av mine favorittar!
Påkledd, men litt pynta. Tynn strikk og eit maxiskjørt som funkar til meste. Skjørtet har knyting i livet, som gjer at sitter akkurat der du vil! Styla med røffe støvlettar i dyreprint. I like it!
Denne komboen kan eg takke Margrethe Gilboe for! Det er vågalt å køyre dyreprint både på kjole og sko, men herregud som eg diggar det.
Foto: Renate Torseth/ Pudder Agency // Hår & Makeup: AG Starheim og Henrikke Rosland