Ta på alvor og ta vare på kvarandre!

Det er rare tider, litt skummelt og absolutt ei tid vi skal ta på ramme alvor. Det er ikkje meir enn eit par veker sidan eg tenkte at det ikkje var så dramatisk, men for kvar dag som har gått har alvoret sunket inn, og no tar vi alle forhandsreglar. Det handlar ikkje om meg, det handlar om dei som ikkje tåler koronaviruset.

Ingen av oss her heime er smitta, men likevel har vi så godt som isolert oss fra omverden. Foruten om å handle mat og ein fotball i dag, så held vi oss heime. Vi er heldige som har god plass å boltre oss på utanfor huset, så frisk luft (fra E18) er lett tilgjengelig. Også spelar vi spel; Uno, Alias, Stigespel. Vi puslar og perlar, tegna og ser film. Eg har fått rydda i mange skap og skuffer som eg ellers brekker meg av. I ettermiddag skal eg starte på eit lite oppussingsprosjekt; gamle utemøblar som sto utanfor det gamle huset vi reiv. Dei skal få nytt liv! Det blir gøy (viss eg får det til…)

teksten fortsetter under bildet

Markus og meg skulle egentlig på kjærestetur til Paris førstkommande torsdag, men vi får heller prøve å lage litt amour her heime (hehe, det var ein sjukt klein setning). Men søren heller, det er jo det vi må. Lage ein romantisk kveld her heime, late som at vi sitter på ein fortausrestaurant i Paris og nyte kvarandre. Sistnevnte blir det iallfall rikelig med tid til det framover. Det er hyggelig da!

Ta vare på kvarandre folkens. Vask hender, unngå nærkontakt og hold dikka heime (om mulig). Eg ser mange som Facetimar i desse dagar, gjerne med eit glas vin på kveldstid. Der er koselig da- sosial på avstand!

Eg ser fram til ein normal kvardag, men når det vil skje anar vi ikkje enda. Vi får gjere det beste ut av situasjonen enn så lenge.