All mat som er grønn pratar til meg. At det er sunt tvers igjennom. Det er mange smoothies ein kan bli litt lurt av, dei er grønne i fargen, men egentlig svært lite grønnsaker i. For min del vil eg gjerne ha minst tre grønne element i smoothien. Avokado er eit must, for det gjer at den blir krema og soft, og i tillegg er det sunt feitt som kroppen trenger.
I dag laga eg denne grønne bowlen til Markus og meg. Eg var redd Markus ikkje ville like den, for den er jo relativt grønn med både spinat, brokkoli og avokado, men han syns den var megagod!! Da blei eg glad, da. Selvfølgelig er det ekstra godt med god topping. Eg brukte granola, kokosflak, granateple, jordbær, blåbær og pasjonsfrukt. Reine festen oppå der. Også ser det jo så nice ut.
Tone sin grønne smoothiebowl (2 porsjoner)
- 1 avocao
- 2 greiner brokkoli
- 1 neve spinat
- 1 kopp mango (frosne)
- 1/2 banan
- 10 mandlar
- Kokosmelk (sjå an mengde)
- Isbitar
Eg hadde kun frossen mango, så derfor spedde eg på med isbitar for å få den kald og god. Den blei supergod og ikkje minst ein sunn og frisk start på dagen!