Dagane går i surr og kor mykje klokka er har ikkje så mykje å sei. Eg står riktig nok opp til normal tid, ingen alternativ, og det er for så vidt veldig bra. Også prøver eg å gjere ein liten innsats med sminkekosten kvar dag, berre for å ikkje føle meg som ein dass. Føler eg meg som ein dass blir energinivået deretter og dagen slapp. Det er det siste eg vil. I desse koronatider er det om å gjere og tenke positivt og gjere det beste ut av situasjonen.
Eg har stått ein god del på kjøkkenet i det siste, og syns det er supergøy å teste nye oppskrifter. Eg har laga frokost-cookies, gulrotvafler, smoothie bowl, sjokoladekake. I kveld skal eg prøve meg Pasta Alfredo med Chicken Milanese som eg såg på YouTube-kanalen til Phillipe Cohen, typen til Bianca Ingrosso. Dei ete alltid så sjuke pastarettar. EG ELSKA PASTA! Håpa eg får det til… Eg er faktisk ikkje heilt krise på kjøkkenet. Likar iallfall å prøve meg fram. Hender eg får det til, hender det går åt skogen.
I følge kalendaren er det fredag i dag, og det betyr kosekveld. Vi må prøve å skille litt mellom kvardag og helg. Så med det; vil ønske alle ein GOD helg! Fortsett å ta vare på kvarandre. Avstandsklem fra meg.